Hopp til hovedinnhold
Senteret sitt bannerbilde

Prisliste

Prisane ved konsultasjon hos fastlegen følgjer Normaltariffen. Legeforeninga forhandlar årleg med Staten om takstar for fastlegene. Stortinget avgjer sats for eigendel. Tariffen er bindande for fastlegane. Honorar/pris for helseattestar o.l. er ikkje lenger del av Normaltariffen. Det einskilde legekontor må dermed sjølv avgjere satsar for desse legeattestane.

Følgjande prisar gjeld for perioden 1. juli 2021 - 30. juni 2022

OBS: For enkeltime som blir avbestilt seinare enn 24 timar før aktuelle time, kan det bli faktureret konsultasjonshonorar ( hos allmennlege/spesialist kr. 160/251,-+ ekspedisjonsgebyr kr 59.) Det inkluderar også pasientar som er fritekne for betaling av eigendel (barn > 16 år, gravide, pasientar med frikort) for konsultasjon hos lege.
Ved bestilling av "time same dag" må timen avbestillast straks du får beskjed dersom den ikkje passar, om den blir avbestilt kort tid før timen kan det sendast faktura.

Eigendelar som  er del av frikortgrunnlaget:

Konsultasjon hos legen, dagtid/kveld, legevakt kr 160,-/280,-

Sjukebesøk på dagtid/kveld kr 223,-/357,-

Tillegg hos spesialist i allmennmedisin ved konsultasjon eller sjukebesøk kr 52,- ved konsultasjon, kr 38,- ved sjukebesøk

Enkel pasientkontakt, førespurnad, rådgjeving v/frammøte eller ved bod kr 76,-

Utfylling av sjukemeldingsattest del I, rekvisisjon til røntgen og fysioterapi og henvisning til spesialist på gul henvisningsblankett fra RTV ved enkel pasientkontakt. Taksten inkluderar førespurnad og rådgjevning  ved frammøte på legekontor utanom ved legekonsultasjon kr 73,-

Tillegg for taking av prøver til laboratorieundersøking på fastlegekontor eller innsending til medisinsk lab kr 59,-

Taking og undersøkelse av HB, senkning, urinprøve utanom time kr 76,-

Anna som ikkje inngår i frikortgrunnlaget:

Kostnader ved rekommandert sending der journalen ikkje hentast.

Tillegg for konsultasjon for pasient utanfor fastlegeordninga, kr 116,-

Tillegg for materiell ved bestemde prosedyrar: *

Gynekologiske undersøkingar, enkle elastiske bind m.m. kr 64,-

Spirometri, EKG, rektoskopi, enkelt sårskift m.m. kr 97,-

Kateterisering, mindre kirurgiske inngrep m.m. kr 138,-

Større kirurgiske inngrep, større sårskift m.m. kr 189,-

Tillegg for spesielt materiell, medisinar, spiral, vaksiner m.m. **

Ekspedisjonsgebyr for skriving og forsending av  sjukemelding, henvisning, rekvisisjonar o.l, per brev, faks, telefon, epost etter ønskje frå pasienten,  kr 59,-

Merknader:

For bestilt enkelttime som avbestillast kort tid før avtalen ved timebestilling same dag eller seinare enn 24 timar før avtalt på førehandsoppsette timar, - eller dersom ein ikkje møter til time hos allmennlege/spesialist  kr. 168,- /273,-

* Beløpa kan repeterast/kombinerast viss det er gjort fleire inngrep og/eller prosedyrar.

** Pasienten må i tillegg dekkje utgifter til materiell eller legemidlar som ikkje er dekkja av dei ovanståande fastsette honorar, som til dømes legemiddel, spiral, kateter,  vaksiner, spesielt dyrt materiell til sårbehandling etc., etter dei kostnadar dette har for fastlegekontoret.

*** Når legen må krevje inn ubetalt honorar, kan legen i tillegg til honoraret belasta pasienten for kontoret sine kostnader rundt dette etter kostnad.