Hopp til hovedinnhold
Senteret sitt bannerbilde

Timar ved legesenteret

2. mars 2023

Det er stort trøkk på timar ved legesenteret og me klarer dessverre derfor ikkje alltid tilby time same dag. For å prioritere timane er det viktig at de skriv stikkord om problemstilling ved timebestilling. Bestillingar utan informasjon om dette vil bli prioritert til slutt.

For timar som ikkje hastar kan de også setje dykk opp på time sjølv inntil 4 veker fram på Helsenorge.no

Det er mogleg å bestille time som telefonkonsultasjon for problemstillingar der dette kan vere aktuelt.  Hos nokre av legane kan de også bruke e-konsultasjon på Helsenorge.no. I dei fleste tilfelle er det meire hensiktsmessig med fysisk time på legekontoret enn telefon og    e-konsultasjon. 

Timen din kan bli forsinka hvis det skjer akutte akutte hendingar.

I feriar vil som regel e-konsultasjon ikkje vere tilgjengeleg, pasientane kan då heller ikkje setje opp eigne timar på Helsenorge.

Alle med påvist eller mistenkt korona eller som har luftveisinfeksjon bør framleis ha på munnbind. 

Akutt hjelp

5. mai 2019

Ved trong for akutt legehjelp kan ikkje SMS-melding eller internett nyttast fordi me ikkje kan vere sikre på at me fangar opp meldinga raskt nok. Ring då telefonnummer:

116 117  eller 113.