Hopp til hovedinnhold
Senteret sitt bannerbilde

Legetime/konsultasjon

Me har nå både ordninga «Time same dag» og bestilling via Helsenorge.no.

Dette kan medføre at det ikkje er nok timar tilgjengeleg til "time same dag", me oppfordrar derfor dei som kan til å bruke Helsenorge.no og booke time sjølv på problemstillingar som ikkje er hast.

Legane har timeoppsett med vanlegvis 20 minuttar pr konsultasjon. Det er i hovudsak ei problemstilling pr legetime. Det er til ei kvar tid ein lege som har medisinsk ansvar ved akutte hendingar. Me forsøkjer å vere presise, men opplever dessverre at det lett blir noko forseinking. Det kan oppstå medisinske problemstillingar som gjer at fastlegen blir mykje forseinka. Henvend deg til personalet i resepsjonen viss du blir sitjande lenge på venterommet.