Nytt frå legesenteret

Betalingsterminal
Bø legesenter har inngått avtale med MelinMedical om innkjøp og drift av betalingsterminal. Eigenandelar skal betalast på denne automaten og kan gjerast som kontantbetaling, kortbetaling eller utsending av faktura. Kontantbetaling løysar ikkje ut gebyr, men MelinMedical tek kr 5,- i gebyr for kvar korttransaksjon og kr 45, – i gebyr ved utsending av faktura.
 
Betalingsterminalen tek imot alle myntvalørar samt sedlar i valørane 50, 100 og 200 kroner. Sjølvsagt vekslar automaten. Dersom du ikkje betalar same dag, sender MelinMedical automatisk ut ein faktura.
 
Terminalen kommuniserer også med HELFO slik at innbetalingar ein gjer blir automatisk registert. HELFO sender ut FRIKORT når eigenandelstaket er nådd. Melding om oppnådd frikort sendast ikkje automatisk til legesenteret, slik at du sjølv må melde ifrå hos oss når du har fått frikort.