Praktisk informasjon

Informasjon om ordninga «Time same dag» som gjeld frå 1.april 2013

Fellesliste 

Akutt hjelp

Informasjon om betalingsautomat frå 25.september 2013

Skiftestove

Laboratoriet

Legetime/konsultasjon

Telefontime

Sjukemelding

Reseptar

Frikort

Legevakt

Bytte fastlege

Fritt sjukehusval

 

 

 

Informasjon om ordninga «Time same dag» som gjeld frå 1.april 2013:

Me prøver så langt det er råd å gje deg time den dagen du tek kontakt med oss. Me vil hovudsakleg gje deg time hos fastlegen din, men du kan få tilbod om time hos annan lege viss fastlegen er opptatt.

Ordninga fører til at du i hovudsak kan ta opp ei problemstilling pr legetime.

Send gjerne SMS kvelden før, og du får svar tidleg dagen etter.

NB! Telefonen er stengt kl 08.00-09.30 og kl 11.00-13.00.

Me ønskjer at alle som klarar å sende SMS gjer det. Skriv gjerne kort om kva det gjeld. SMS-bestilling her.

Ved behov for akutt hjelp, ring legevaktstelefonen 116 117 eller 113.

 

Fellesliste 

Ved Bø legesenter er fastlegeordninga organisert som fellesliste. Det inneber at det er alle legane til saman som tilbyr allmennlegetenester til dei som står på listene. Alle pasientar har i tillegg ein lege som har oppfølgingsansvaret, men kan ved ferie, kursfråver eller i andre spesielle situasjonar treffa ein av dei andre legane. På same måten, vil ein kunna få tilbod om time hos ein annan lege når ein bestiller time same dag og den ansvarlege legen har full liste.

 

Akutt hjelp

Ved trong for akutt legehjelp kan ikkje SMS-melding eller internett nyttast, fordi me ikkje kan vere sikre på at me fangar opp meldinga raskt nok. Ring då telefonnummer:

116 117 eller 113.

 

Informasjon om betalingsautomat frå 25.september 2013:

Bø legesenter har inngått avtale med MelinMedical om innkjøp og drift av betalingsterminal. Eigenandelar skal betalast på denne automaten og kan gjerast som kontantbetaling, kortbetaling eller utsending av faktura. Kr 58, – i gebyr ved utsending av faktura.
Betalingsterminalen tek imot alle myntvalørar samt sedlar i valørane 50, 100 og 200 kroner. Sjølvsagt vekslar automaten. Dersom du ikkje betalar same dag, sender MelinMedical automatisk ut ein faktura.
Terminalen kommuniserer også med HELFO slik at innbetalingar ein gjer blir automatisk registert. HELFO sender ut FRIKORT når eigenandelstaket er nådd. Me kan frå oktober 2015 søkje opp i journalsystemet vårt om du har fått frikort.

 

 

Skiftestove

På skiftestova blir det gjort sårskift, injeksjonar, vurdering av småskadar, fjerning av sting, tatt EKG, spirometri og 24 timars blodtrykksmåling.

Det må bestillast time for avtale på skiftestova og ein del av prosedyrane må avtalast med lege på førehand.

 

Laboratoriet

På laboratoriet er det ikkje timebestilling. Blodprøver må avtalast med lege på førehand. Dei fleste blodprøvene blir vidaresendt til sjukehuset for analyse. Legesenteret er med i NOKLUS, som er kvalitetssikrar av laboratorietenester.

 

Legetime/konsultasjon

Me har innført ordninga «Time same dag». Legane har timeoppsett med 15-20 minuttar pr konsultasjon. Det er i hovudsak ei problemstilling pr legetime. Det er til ei kvar tid ein lege som har medisinsk ansvar ved akutte hendingar, der nokre timar er kortare og lengre enn 15-20 minutt. Dette kan medføre forskyving i oppsatt timeplan.

 

Telefontime

Ein telefontime er tiltenkt å vare i 2-3 minutt og avgrensa til kortare spørsmål. Ikkje alle legane har avsatt tid til telefonar. Ved ønskje om ein samtale med fastlegen, må time bestillast.

 

Sjukemelding

Hovudregelen er at du må ha time for å få vurdering av sjukemelding/fornye sjukemelding.

 

Reseptar

Frå september 2012 har me hatt elektronisk resept for pasientane ved Bø legesenter. Reseptane blir sendt elektronisk og kan hentast ut ved alle apotek i landet. Du kan sjølv sjå reseptane dine på internettsida: www.mineresepter.no.

 

Frikort

Frå oktober 2015 kan legesenteret søkje opp om du har fått frikort i journalsystemet vårt, gje gjerne beskjed når du er til time likevel. Frikortet dekkjer kun eigendel ved legekonsultasjonar og laboratorietenester. Materiellkostnader, medisinar og vaksiner som kjøpast ved legesenteret, honorar ved utferding av attestar og henvisningar blir ikkje dekkja av frikortet.

 

Legevakt

Telefon: 116 117 (kveld/helg/natt).

Bø har ei interkommunal legevakt. Det er viktig at du ringer legevaktsentralen for å avtale time.  Frå 29.05.2017 er all legevakt på Notodden, i Sauheradveien 5 ( tidlegare Notodden omsorgssenter)

Problemstillingar som kan vente til fastlegekontoret opnar, skal ikkje til legevakt. Legevakt er for øyeblikkeleg-hjelp situasjonar. Legevaktslegen kan ikkje skrive ut reseptar på faste medisinar eller vanedannande medisinar (f.eks. sovetablett, angstdempande).

 

Bytte fastlege

Du kan sjå ledig kapasitet hos fastlegane og sjølv bytte fastlege på internettsida www.helfo.no eller ringe fastlegetelefonen 800 43 573.

 

Fritt sjukehusval

Det kan vere ulike ventetider på sjukehusa for same undersøking/behandling, og då kan ein velgje eit anna sjukehus. Sjå ventetider på internettsida: www.frittsykehusvalg.no

Det er ikkje fritt sjukehusval på akutt innlegging og behandling