Senteret sitt bannerbilde

Bø Legesenter as

Velkomen til våre heimesider. Me ønskjer å gjera kontakten med oss så enkel som mogleg. Derfor er det tilrettelagt for bestilling via SMS  og "Helsenorge.no" på desse sidene. Du vil også finne ein del informasjon om legesenteret her. Elles er du velkomen til å ta kontakt på telefon dersom du ønskjer.



Aktuelt

Ledig liste etter dr. Jonatan Rajesan

20. august 2019

Dr. Abdi Rahim Osman som var vikar etter dr. Rajesan har slutta. Me har foreløpig ikkje fått ny lege etter han. Pasientar på lista kan sende meldingar i Helsenorge som før, dei vil bli handtert av kontoret. Pasientane vil få nødvendig hjelp av dei andre legane på kontoret.

Lege Mathias Skree Birkeland har permisjon for å ta sjukehusteneste

20. august 2019

Me jobbar med å få vikar. Pasientar på hans liste kan sende meldingar via Helsenorge som før, dei vil bli handtert av kontoret. Inntil vidare vil pasientane på hans liste få hjelp av dei andre legane på kontoret.

Me har bytta journalsystem

5. mai 2019

Frå 09.mai 2019 byttar legesenteret journalsystem frå System X til Infodoc Plenario. Dette fordi Infodoc Plenario er integrert med helsenorge.no der dei som vil kan logge seg inn og bestille legetime gratis. Du kan framleis nytte SMS bestilling via  Helserespons og betale for denne tenesta.

Logg deg inn via Helsenorge her: helsenorge.no

 

Akutt hjelp

5. mai 2019

Ved trong for akutt legehjelp kan ikkje SMS-melding eller internett nyttast fordi me ikkje kan vere sikre på at me fangar opp meldinga raskt nok. Ring då telefonnummer:

116 117  eller 113.