Senteret sitt bannerbilde

Bø Legesenter as

Velkomen til våre heimesider. Me ønskjer å gjera kontakten med oss så enkel som mogleg. Derfor er det tilrettelagt for bestilling via SMS  og "Helsenorge.no" på desse sidene. Du vil også finne ein del informasjon om legesenteret her. Elles er du velkomen til å ta kontakt på telefon dersom du ønskjer.



Aktuelt

Sommarferien 2022

21. juni 2022

P.g.a. redusert kapasitet i sommarferien er det ikkje mogleg å booke timar sjølv på Helsenorge.no. Me ber om at faste kontrollar utsetjast til etter sommarferien. Dersom du treng time, send melding på Helserespons som SMS, eller i Helsenorge kvelden før, me kan ikkje setje opp timar  t.d. ei veke fram.

Det vil  av same årsak heller ikkje vere mogleg å nytte e-konsultasjon i sommarferien.

Henning Naas - ny fastlege

5. mai 2022

Fastlege Henning Naas opplever for tiden stor pågang på timebestillinger da det er mange som ønsker time og mange nye pasienter å bli kjent med. Dette vil kunne medføre økt ventetid på timebestilling og økt ventetid på venterommet en periode. Det medfører også at vi må prioritere timene ut fra hastegrad på problemstilling og vi ber deg derfor om å nevne kort hva timen gjelder, slik at vi kan prioritere forsvarlig.

Vi beklager ulempene dette medfører for deg og ber samtidig om forståelse for dette.

Mvh Bø Legesenter og fastlege Henning Naas

 

Timar ved legesenteret

2. november 2021

Sjølv om dei nasjonale koronarestriksjonane er oppheva er det framleis mogleg å bestille time som video- eller telefonkonsultasjon. De kan også bruke e-konsultasjon på Helsenorge.no. Ved ein del problemstillingar er det behov for at pasienten møter fysisk på legesenteret.

For at me skal vite kven som må komme til fysisk oppmøte må de skrive kva det gjeld ved timebestilling.

Alle med påvist eller mistenkt korona må ringe, ikkje møte opp på legesenteret, det må avtaltast på førehand korleis dei då skal undersøkjast.

Akutt hjelp

5. mai 2019

Ved trong for akutt legehjelp kan ikkje SMS-melding eller internett nyttast fordi me ikkje kan vere sikre på at me fangar opp meldinga raskt nok. Ring då telefonnummer:

116 117  eller 113.