Senteret sitt bannerbilde

Legevakt

Telefon: 116 117 (kveld/helg/natt).

Bø er med i Notodden interkommunal legevakt. Det er viktig at du ringer legevaktsentralen for å avtale time.

På dagtid har Bø legesenter legevakt.  Frå kl. 15.30 og til kl. 8.00 neste morgon og heile døgnet i helg og høgtid er legevakta ved Notodden interkommunale legevakt. Adresse Sauheradveien 5 (tidlegare Notodden omsorgssenter).

Problemstillingar som kan vente til fastlegekontoret opnar skal ikkje til legevakt. Legevakt er for øyeblikkeleg-hjelp situasjonar. Legevaktslegen kan ikkje skrive ut reseptar på faste medisinar eller vanedannande medisinar (f.eks. sovetablett, angstdempande, sterke smertestillande).