Fellesliste

Fellesliste

Ved Bø legesenter er fastlegeordninga organisert som fellesliste. Det inneber at det er alle legane til saman som tilbyr allmennlegetenester til dei som står på listene. Alle pasientar har i tillegg ein fastlege som har oppfølgingsansvaret, men kan ved ferie, kursfråver eller i andre spesielle situasjonar treffa ein av dei andre legane. På same måten, vil ein kunna få tilbod om time hos ein annan lege når ein bestiller time same dag og den ansvarlege legen har full liste.