Legetime/konsultasjon

Legetime/konsultasjon

Me har innført ordninga «Time same dag». Legane har timeoppsett med vanlegvis 20 minuttar pr konsultasjon. Det er i hovudsak ei problemstilling pr legetime. Det er til ei kvar tid ein lege som har medisinsk ansvar ved akutte hendingar. Me forsøkjer å vere presise, men opplever dessverre at det lett blir noko forseinking. Det kan oppstå medisinske problemstillingar som gjer at fastlegen blir mykje forseinka. Henvend deg gjerne til personalet i resepsjonen viss du blir sitjande lenge på venterommet.